Utstyr og pris
Finn eit oppsett som passar ditt formål
Du treng ikkje kunne mykje om kamera - fortell meg ditt behov og eg hjelper deg gjerne.
Ferdige pakkar
Kvart bilete viser dei faktiske delane i pakken. Produkta er viste kvar for seg og er ikkje i målestokk.
01
GLØTT START
Ferie, familie og arrangement- Sony A7C II
- Sigma 24–70mm f/2.8 II
- Peak Design Everyday Sling 3L V2 i svart
02
GLØTT CREATOR 35
Bryllaup, konsert og miljøportrett- Sony A7C II
- Sigma 24–70mm f/2.8 II
- Sony 35mm GM
- Peak Design Everyday Sling 6L V2 i svart
03
GLØTT CREATOR 85
Portrett, konfirmasjon og bryllaup- Sony A7C II
- Sigma 24–70mm f/2.8 II
- Sigma 85mm Art
- Peak Design Everyday Sling 6L V2 i svart
04
GLØTT PRO
Oppdrag og større produksjonar- Sony A7C II
- Sigma 24–70mm f/2.8 II
- Sony 35mm GM
- Sigma 85mm Art
- Peak Design Everyday Sling 6L V2 i svart
Kameraet har Sony E-fatning, og alle objektiva passar til denne fatninga. Alle oppsetta inkluderer tre batteri, ladar, ei grå Peak Design Slide-reim, Peak Design Capture V3 og ei svart Peak Design-veske. Minnekort følgjer ikkje med.
Bygg di eiga pakke
Kamerahus frå 700 kr per dag. Tre batteri, ladar, reim og veske følgjer med. Legg berre til objektiva du treng.
Sjå alle objektivaDagsprisar og kva objektiva passar til+






Små kamera. Store augeblikk.
Video og action
Skal du filme på tur, i båten eller framfor kamera? Eg hjelper deg å finne eit lite oppsett som passar. Vel eitt kamera, legg til lyd eller ta med Vloggpakka.
DJI OsmoAction 5 Pro
Båt · bading · sykkel
Eit lite actionkamera for turar med fart og sjøsprøyt. Eg hjelper deg å velje feste til det du skal filme.Lukene må vere reine og lukka før bruk i vatn.250 krper dagSend førespurnad →DJI OsmoPocket 3
Vlogg · reise · kvardagsglimt
Eit lite gimbalkamera som held opptaka stødige når du er på farten. Eg viser deg dei viktigaste grepa før du tek det med.Toler ikkje vatn.300 krper dagSend førespurnad →DJI Mic 3
Intervju · vlogg · tale
Trådlaus mikrofon som får stemma tydeleg fram. Eg hjelper deg å kople han til kameraet og sjekkar lyden saman med deg.Hald mikrofonane og mottakaren tørre. Bruk vindhette ute.Som tillegg til ei kamerapakke: 100 kr per dag.180 krper dagSend førespurnad →Vloggpakke
Reise · vlogg · intervju
Pocket 3
Mic 3DJI Osmo Pocket 3 og DJI Mic 3 i eitt oppsett for stødig video og tydeleg tale. Eg hjelper deg i gang før turen.Pocket 3 toler ikkje vatn. Hald mikrofonutstyret tørt.Spar 80 kr per dag mot separat leige.400 krper dagSend førespurnad →Minnekort følgjer ikkje med. Ta med eit eigna kort til kameraet du leiger – spør meg om du er usikker. Henting og retur på Bømlo etter avtale.
Legg til tydeleg lyd
Eg kan leggje DJI Mic 3 til kamerapakka for 100 kr per dag og hjelpe deg med lyden. Mikrofonen er allereie med i Vloggpakka.
Greitt å vite
Før du sender ei førespurnad
Er førespurnaden ei bindande bestilling?+
Nei. Først stadfestar eg at utstyret er ledig og opplyser om den endelege prisen, tidspunkta for henting og retur og vilkåra for leiga. Bestillinga blir bindande når du har godteke alt dette.
Følgjer minnekort med?+
Nei. Ta med eit kompatibelt minnekort: SD-kort til Sony-kameraet og microSD-kort til DJI-kameraa. Sei frå dersom du er usikker på kva type du treng, så hjelper eg deg.
Kven kan leige?+
Du må ha fylt 18 år. Gyldig legitimasjon blir kontrollert ved henting, og den som bestiller må som hovudregel hente utstyret sjølv.
Kvar og når hentar eg?+
Henting og retur skjer på Bømlo etter avtale. Du får nøyaktig tid og stad når førespurnaden er stadfesta.
Når betaler eg?+
Du betaler ingenting når du sender førespurnaden. Før bestillinga blir bindande, avtalar eg betaling med deg og opplyser om eventuelle krav til depositum eller annan tryggleik.
Kva om noko endrar seg?+
Ta kontakt så tidleg som mogleg. Du får opplyst vilkåra for avbestilling, skade, tap og forseinka retur før bestillinga blir bindande.
Sony A7C II
Veske + tilbehøyr
Veske + tilbehøyr